-dette gjer det lettare å puste.

Nå når dagane har vore så tunge, så vonde med alle tankane om kor ufatteleg det er,
alt kva ein person kan vera i stand til.

Så er det så uendelg godt å ha ein 15 åring i hus,
(i lag med ei fantastisk Anna med sine 14 månadar som utforsker verda, fort fort)
ei som står ved sida mi når me tenner faklar ved vegen og ber høgare makter om kjærleik til dei som står at,
til dei som har mista,
det som er umisteleg.

Å ha ei som krøller seg på sofaen i huset og ønsker at noko

skje,
for så å jogga oppover og ned og inn i fjorden,
-å strekka kroppen ut i fjorden,
rusla heim i vått undertøy,
laga vegitarsushi
som min 15 åring ikkje tok inn på sin Topp ti av favoritt måltid.

Her dans blant epletre.

dette gjer det lettare å puste.

så mykje vondt-

Det har vore stille, det har skjedd så mykje vondt, så mykje trist, så ufattelig tragisk.
Det er vanskeleg med ord.

Life changes fast. Life changes in the instant. You sit down to dinner and life as you know it ends.” Joan Didion

Frukost.

Frukost,
er ein stor favoritt for meg.
Den er veldig viktig og det skal ligge kjærleik i den!
-om ikkje, så er den ikkje viktig lenger. Altså om kjærleiken blir fjerna! Sånn er det for meg.
Du og din frukost?
-fortel meg, eg blir glad.

Me er på laurdagstur langs fjorden, inne i ei vik fnn me dette fine huset, og me tre har ein avtale her, ein avtale om å eta pizza, laurdagspizza frå dette huset kor det blir servert steinovnsbaktpizza! Ultra stas! 

Det er litt som “åå dette skulle ein ikkje tru, ein forrykande fin plass med ein himla god pizza plutselig her inne i vika” Eg likar overaskelsar som dette. Uforventa og så uendelig fint!!
 Heia bygda, seier eg då!
Laurdagskveld og vin
Det blir søndag og sola kjem.
Ute måltid og  baking og tekstmelding om besøk frå hovudstaden i veka som kjem!
-min favorit poet! -kjem til gards. JiPPi.
Me finn kvar vår hatt, pakkar i korga og drikk kaffien i båt på fjorden. For så å komma heim att til familie besøk! 


Så kjem måndagen og det er også heilt greitt.

God god måndag godt folk!

Ei vogn fulllasta av kjærleik!

Det er onsdag,
Anna og eg er på tur for å gå tur,
me har eit mål, der målet inneheld tre tøffe søte gutar
og ei som har heile sola i sitt navn.
Det er fint,
Me pitlar blomar til gjengen medann me går,
 me er begge glade og på veg.
Dei spring fort, oppover og framover og stundo litt tilbake.
Me er tre gutar og tre jenter som er på tur.
Guten med blå caps ville visa tunga på bildet,
så om du seg godt etter -kanskje du også er så heldig å få sjå ho?
-for eg veit ho er der.

Ei vogn fulllasta av kjærleik!
Ny rørte bringebær i skog, smakar uendelig godt.
Å vera i lag
er noko av det finaste!

*det er uteliv og det er som om lyse slepp til i dei mørkaste krokane i meg*

Det er den store sommardagen, det er måndag som er søndag, det er uteliv og det er som om lyse slepp til i dei mørkaste krokane i meg, me får besøk av to jenter, som er gode og som me nesten ikkje kan snakka med, sidan me ikkje kan same språk i form av ord, men kroppen snakkar også veldig tydeleg.














Me grillar og bakar, badar i basseng, sjekkar Anna sin farfar sin tomatavling og til kake kjem nytt fint besøk.


Kva legg du i minnebanken?

*Det har vore helg*

Her bur Linn,
Linn er fin
og
fantastisk å drikke
chablis i lag med
i sommarnatta.

Det har vore helg, det har vore godt, og det har vore sommanatt og ein sommardag med stor sol og overnattingbesøk og grilling og latter og besto sine strikkesokkar.
Ane Brun oppatt og oppatt, ho drar i meg.

Eg er oppglød!

Eg er oppglød!:
Ane Brun sin singel: “Do you Remember”
kom til meg i dag,
den er nå høgt i rommet, oppatt.
Den er fantastisk!
Du ser på bilde av ein kvelds frå veka som var.

Dagens frukost.
Anna ligg alt å søv.
Han er alt ute.
Eg nyt denne stunda.
Han sitt måltid, trur det er kvelds.
Han ordnar maten forskjeligt frå meg,
eg likar det.
Søtfrukost.
Mitt eige plommesyltetøy på brie og grapfruktjuice og italiensk te, teen var ei vertinnegåve frå veninne som var på måltid tidlegare i veko.
Teen som er italiensk er kjøpt i Ålesund
og
nå er den her i fjorden hos meg.
Den reisande verda.

Klar til dagen.
God laurdag
godt folk!

*Etterpå tar ho seg litt grasløk, sånn til dessert*

Det er søndag og sommaren kom på besøk.
Det er dagen han har fri. Me er i lag.
Det er dagen over alle dagar,
for oss tre.
Sommaren kom og Anna fekk halda og eta sin fyrste is.
Ho lukkar augo og nyt.
Det er det finaste eg har sett på lenge.

Ho sit på fanget med og mysar litt igjennom isetinga.

Etterpå tar ho seg litt grasløk,
sånn til dessert.

*mai*


14 mai,
og eg har alt baka mykje meir enn andre månadar.

Har frukosten for meg sjølv i kvar dagane,
nyt det.

Var ultra stas å laga bursdag for jenta vår.
Som i morgon er 1 år!
Ho, heile ho 1 år!
Magi.

Råvarene blir betre og betre.
Lykke.
Alltid mine finaste!!

*Kalas!*










Anna 1år + gode mennesker + supper&brød inne + latter + heimalaga eplasaft + blomar+ gatekunst + kake oppkalt etter Russisk danserinne og andre fristelsar + langbord i hagen + hytte under bordet
=
KalasLYkke

1 2 3 4 5 6