Dette huset, denne salen. -som er bygd opp på rammene om fellesskap og møter.

Lappeteppa heng klar til basar, det er laurdag ettermiddag. Og Linn og eg har fyrt sidan fredag ettermiddag.
Det er varmt og godt. Det er kaker og levande lys.

Dette huset, denne salen. -som er bygd opp på rammene om fellesskap og møter.
Så viktig.

I kjellaren var det lyktemakeri.
Ein bukett av verdas finaste kom.

Gleda er så tydeleg. Utan filter.
Rett på.
Vidunderlig.

Desse blei laga. Så vakre. Fin rytmisk 4-klassing tromma buketten opp i eit mørklagt lokale.
Så skjørt,
så vakker.

Tusen takk for ein vidunderlig laurdags ettermiddag.

Lappeteppeprosjektet til Me hjertar grendahuset.

Lappeteppeprosjektet til Me hjertar grendahuset,
fekk inn heile 8 flotte, fargerike
og
ikkje minst varme lappeteppe.
Og veldig veldig fine.

Prosjektet er så vakkert.
Felleskapet.
 Samarbeidet.
 Det unike i kvar enkel lapp.
Så avhengig av kvarandre for å få det til å vekse.
Så avhengig av kvarandre for å vera ei bygd.

Prosjektet er framleis å finne på Hardanger folkemuseum, Utne.
Om du har høve:
ta turen dit!

Me hjerta Grendahuset!


Før nokre månadar sidan laga ei nabo og eg kafe på grendahuset.
Det var stas! -mange kom å varma seg, inni og utanpå.
Eg har STOR kjærleik for grendahusa rundt om i bygdene.
Spesielt for mitt!!