
Nå som eg er i premisjon, brukar Alfred og eg mykje tid i heimen. Det gjer at også den treng meir pleie og vask, den er jo meir bruk, og eg ser meir kva som bør bli gjort. Nokre dagar blir eg så svimmel og lei av denne sirkelen, utan slutt. Andre dagar er det fint å sjå kor fint det blir, etter som eg ryddar/vaksar meg fram. I min fyrste permisjon i lag med Anna Margrete var dette ei større utfordring enn den er for meg i dag, då var det så stor forandring. I gå i frå å ha den tida ting trengte til å ha eit lite barn som trenger meg -som er mitt ansvar. Ein av dei tinga eg har gjort medann eg er på veg til å finne ein gode rytme, er å lytte til folk rundt meg, som eg tenkje har funnet ut av noko på ein eller anna måte. Eg elskar rett og slett å lese/høyre om andre sine kvardagsrutinar. Om kva som blir gjort, og korleis og kvifor og ikkje minst kor tid. Her på garden er det ikkje til å komme under ein stol at det er eg som driv med innearbeidet, dette har til tider irritert meg. Hadde sett for meg å finne ein mann som eg kunne dele denne oppgåva med. Alt blir ikkje som ein har sett for seg, men det står store paller med tørr ved i løa, kjøla er fylt med velsmakande eplasaft, den vannbårne varmen går som den skal. Så eg har også komen fram til at husarbeid er mykje meir, enn golvvask og støv og anna oppvask. Men lite viste eg, som kom frå ulike leigde leilighetar, kor eg ikkje tenkte på anna akkurat meg og mitt.
Så tilbake til heimen. Akkurat nå funkar kvardagen ca litt sånn:
Ca0730: står opp, Alfred og Anna Margrete har alt vore oppe ein liten time med Jørund. -eg ordnar med det som ikkje alt er blitt gjort. Det kan vera å finna kler til Anna Margrete, smøra nista, la Alfred ete frukost. Tar ut av vaskemaskina(-dette skal eg prøva å få gjort om kvelden) også inn i oppvaskemaskina. Dysjar. Gjer Alfred og meg klar til dagen.
ca0930: Alfred søv. Eg driv litt på med kler, finn fram middagen for dagen. Målet er å handle ein gong i veka. -då eg ikkje likar å bruke tid på dette. I det så har eg som oftast fleire middagar i tankane. Denne måten å handle på, gjer at det ikkje blir så mykje nye oppskrifter. -om eg ikkje blir betre på å førebu meg. For å finne ro, må eg alltid ha ei vis aning frå starten av dagen kva som skal bli servert til middag. Etter det ser ok ut i heimen driv eg kanskje på med dette: redigerar bilder, drikk te, strikkar, les eller skriv blogg -som nå. Andre dagar søv eg i lag med Alfred. Berre for at det er det beste den dagen.
ca 11.00-12.00 Me et litt, og som oftast går me ut. Sjekkar kva som skjer på garden. Trillar tur med naboen og hennar gut. Noko fint er planen.
ca 1300-14.00 Alfred søv igjen. Førebur middagen, dekkar bord.
ca1430-1530: Hentar Anna Margrete i barnehagen, om ikkje Jørund gjer det. Middag og kaffi og stund i lag.
ca1630-1800: Alfred og Anna Margrete leikar i lag på golvet. Jørund tar Anna Margrete med ut på litt gardsarbeid etter at han har tatt oppvask og rydda den på plass. Er også i denne tida av og til på besøk/får besøk, men har erfaring sett at det er ikkje heilt gunstig for Alfred å gå på besøk. – han er då litt trøtt og vil mest vera i ro.
ca1800-1900: Ofte Barnetv. Anna Margret ser på Barnetv på NRK. Då eg tenkje det er viktig at det er i frå denne kanalen, for å oppleve felleskapet som ligg i det. Å kunne snakke, gjenkjenne det som er i programet. For å kunne veta at her sit ho i Hardanger og ser det same som eit anna barn inst i ein fjord i Vesterålen eller i hovudstaden vår Oslo. I denne tida legg eg også Alfred.
1900-1930: Jørund eller eg legg Anna Margrete, eg les ei bok og syng to songar. Jørund ligg med ho heilt til ho sovnar. Eg snik meg ofte ut før.
1930-ca2230: litt meir husarbeid, sjekkar mail, redigarar kanskje litt bilde, strikkar, lyttar til podcast, ser på tv, er i lag med Jørund, les.
Litt sånn kan ein heilt vanleg dag sjå ut her hos oss. Nå hadde eg blitt glad om du fortalte litt om din dag og dine rytmar?
Her bakar eg brød. Grytebrød. Ein slagar i heimen, spesielt når det kjem gjester som her.