Familie.

Familie.
-som ein kjem inn i, eller til
-som ein veks ut i frå eller vekk i frå
eller inn til -på ny

Etter at eg sjølv blei mamma,
mor,
etter at han og eg blei ein gjeng på tre,
i lag med ho
-Anna Margrete vår.
Har familien blitt viktigare,
sterkare,
og kanskje
tydlegare.

At det rommet som er i det,
kan opplevast som romsleg,
og med ein stryke av
fellesskap.

Men det treng ikkje opplevast sånn.

Kva tenkjer du om familie?

Lappefellesskapet.

Lappefellesskapet er framleis aktivt.
Og eg trives svært godt i dette skapande fellesskapet.
Dette teppet er eit nytt prosjekt mellom Linn og eg,
det er ein ny liten fjording som er den utvalgte.

Folk herifrå,
folk som veks opp og utifrå dette landskapet
blir ofte omtalt som fjording.
-eg tenkjer at det seier kor viktig fjorden er her.
For menneska,
for fruktdyrkinga.

Sjølv kjem eg frå ein anna fjord,
det er sterkt å tenkje på korleis isen har sprengt seg fram i landskapet her.

Bur du i fjord?

100% menneske.

Stundom er det noko som må bli til, som må få sin plass.
Sjølv om det kjennes som om det ikkje har fått sitt språk,
at språket til det som burde ta sin plass enda ikkje er blitt forma.
Er det fyrst når det blir uttrykt på ein eller anna måte,
at det er.
Her.

Det er iallefall sånn, at det finnes venskap som gir rom.
Venskap som er så store at dei har kraft til å utvide.
Venskap som opnar opp,
 istaden for å stenge att.
Og i denne styrken er det er plass  til orda,
dei orda som nesten blir kasta ut av ein,
på grunn av fysisk smerte som kjem av andre sine
ord.
At desse orda får ein tungde,
at denne samtalen får leve.
At det er rom,
for orda
og
den heile andre.

Med dette så heiar eg
på det modige menneske!
Som tar sats og går inn i møtet
med den heile andre.
100% menneske.

Den som elsker livet.


Den viktigaste songen,
eg har høyrt på lenge.
-og det kjennes nesten umuleg å skrive noko om den, 
for den er så stort, så viktig!

Ho er klar, momentant!

Det har vore haustferie. Me var i heimen i Skånevik,
mamma og pappa min er svært gode på heim.
 Det var Anna Margrete og eg som var på tur.

Ho, Anno hjelper meg med ein gong om det er noko,
eg er så heldig at eg faktisk ikkje treng å spør om hjelp.
Ho er klar, momentant!
Favoritt tanto og hjertevenner kom også og brukte tid i lag med oss.

Graskar.

Her på garden veks det graskar.
Dei er store og dei veks stort.
Så me har hatt graskar litt i fokus i middagen.
Graskarsuppe i to variantar, woka graskar og i potetstappa.
Godt.

Anna Margrete var sjølvsagt med når me henta heim
eit stort gult graskar.

Denne dialogen var i mellom oss ein dag:
“Mamma likar te?”
“Ja det gjer eg” avarar eg
“Far likar kaffi,
eg likar melk” fortel ho vidare.
Og dette er det som skal til for at mitt mammahjerta mjuknar.
Ho ser så godt,
ho ser det ulike i mennesket.

God helg gode leserar,
det varmar så godt med tilbakemeldingane de gir.

Eple til folket!

Det er skumring når me står opp om morgonen.
Eg likar det.

Me er så heldige å også ha tomater på garden.
Så mange som her,
blir lett tomatsuppa.

Inne i mellom kjem sola,
og helger.
Denne dagen var det laurdag og sol.
Eple til folket!

Boller til bonden og hans hjelparar.

Denne jenta sprer om seg.
Ho spring og hoppar.
Ho kan nå stå, for så og hoppe.
-med strake bein. Dette får me til å smile kvar gong.
For det er så fint å sjå.

Det var faktisk alt saman frå ein laurdag,
og desse bollene låg nysteikte på disken før 0800.
Tips: bak bollene om kvelden,
kaldhev dei til morgonen.
Vips, du treng berre og setje på omnen i morgongry
og boller servert!

Kva gjer du i din haust?

Onsdag.

Denne er strikka,
garn er framleis svært aktuelt i min
kvardag.
Men i dag er det andre ting på gong,
eg skal  halde kurs i fotografi:
“Å øva blikket”
Gler meg ein heil haug.

DU?

Det regnar her i fjorden.

-når mørket blir for volsomt (akkurat nå vikrar det nesten litt utenkeleg),
og søken etter sommaren kjem (det gjer den -garantert!),
kan dette vera godt å finne i frysen.

God måndagskveld.
Det regnar her i fjorden.

1 2 3