Dekkar du ditt bord?

Kvardagsmiddag. Prøver alltid å dekke bordet litt fint, tenne lys.
Prøve å gjere det til ei fin samling av oss tre, snart fira.
Dette er noko som eg har med meg i ryggsekken frå mamma mi.
Ho steller i stand så gode bord å komme til, tenner lys og har aldri panna på bordet. -det kan eg ha, men ikkje ofte. Maten fortener å komme i eigen skål, men så er det oppvasken.
Av og til vinn: mindre oppvask.
Dette er noko eg proiriterar, me som familie har ikkje faste aktivitetar meir enn ein dag i veka.
Det er nett passeleg, så godt å veta at ettermiddagen har tid.

Også kjem helgene, her har Anna Margrete laga frukostselskap til dukka Lisa og seg sjølv.
Rigar seg til, pyntar og utforskar maten.

Fint. Ho likar også å gjere bordet fint før måltid.

Eplesaft frå eigen gard. Svært lite kan måle seg med det.
Sjølv om suget etter å fylle munnen med kraftig raudvin i lag med veninner tikkar innom tankerekka mi,
sånn av og til.

Dekkar du ditt bord?

Synes du november er ein god stad?

Ute har dagane vore litt sånn i det siste,
eg likar det.
Likar å høyre regnet slå mot vindauga,
kanskje kjenne på lukta av vedfyring før eg har stått opp.
Veta at det er godt å gå ut,
kjenne på det friske,
sjå korleis trea gjer seg klare til å gå i kvile,
korleis fargane endra seg
og
kanskje heile vegen ha ein liten neve å halde i.

Sjå venner ete nysteikte boller og sjå på fantorangen,
det er godt å vera i lag- og kjenne på at det er tid.

Tusen takk for fine kommentarar,
det varmar og at der alltid så kjekt å lesa.

Synes du november er ein god stad?

Drikk kaffi og ser inn i dette.

Sist helg hadde med finfint besøk. Min kjære bror med familie.
Eg har ein bror,
og han er veldig viktig for meg.
Så på bilde:
ein bukett fantasisk gjeng!

Steiker lappar for å ete ute,
mat som blir ete ute
oppnår på ein måte nye dimensjonar.
Det meste blir så mykje betre,
stemninga, bålet, uterommet
og ikkje minst tida i lag.

Mi besta jenta i fjorlandskap.
-i ull sjølvsagt.
Genseren er strikka av mi tanta,
og den brukte eg som lita.
Framleis like fin.
Stas.

Og min kjære kokar kaffi,
i ullgenser frå Island.
Dette ullet har heilt spesielle eigenskapar,
sidan det er så kraftigt held det også ute fuktigheit,
og gir varme i store mengder.

Det oppleves som lykke på mange måtar.

Drikk kaffi og ser inn i dette.

Håpar du har ein god laurdag!

Er du ute i haustdagane?
Er ull på kroppen viktig for deg?

24-timars ferie anbefalar eg på det varmaste.

Sist helg var me på ein 24-timars ferie,
huset me budde i var over 100 år,
høgt under taket og frittgåande sauer utanfor,
og strikkasokkar inne.

Å komme til varmt hus,
bli servert var betasuppe,
-er eit stykke god lykke.

Me veks i lag,
det heilt nye inne i meg
og det som er mitt.
Det er mange måtar å vise på at ein er glad.
Hoppe i senga er ein.
Hekle på senga er ein anna,
i morgonlys med tekopp på nattbordet.
Også var det fest,
for ein ny liten diamant.
Me pynta oss i finstasen,
så glade for å vera invitert for å feira ein så fin liten gut.

24-timars ferie anbefalar eg på det varmaste.

God søndag godt folk.

Så det gjer godt å veta at det er byar, som lever, -sine liv.

Reiste til byen nokre dagar.
Fine Bergen,
og det gjer godt
-svært godt å vandre rundt i den.
Vandre i kjente gater, søke inn på kafear,
stå i mengden å oppleve levande musikk frå nokon ein likar svært godt.
Ein stor del av åra mine har vore i by,
Stavanger, Bergen og London.
Det er kontrastar frå det som er nå,
så ulikt, så likt.

Men saknet etter å stikke innom ein kafe,
sånn kanskje aleine, eller i lag med nokon som er i møtet,
for å vera,
for å drikke god kaffi.
-er ofte til stades.
Så det gjer godt å veta at det er byar,
som lever,
-sine liv.

Det eg eigentleg ville spøre deg om,
er:
Er det noko du ynskje å sjå?
Noko eg kan vise deg i fotografi,
frå det som er vårt?
-eller tekst?

God måndag til deg.

Eigaren av rommet kunne fort reisa seg i begeistring i møtet med sine eigne bamsar og dukker på nye eventyr.

Forje måndag vitja ein profesjonell eventyrforteljar rommet til Anna Margrete,
og med inn i forteljinga kom dukkene og bamsane som bur på rommet.
-dette var stas!

Eigaren av rommet kunne fort reisa seg i begeistring
i møtet med sine eigne bamsar og dukker på nye eventyr.

Verdien av forteljarkunst er stor,
og innlevinga til småfolka er berundringsverdi.

Har du eit favoritt eventyr?

Å vente på ein venn.

Å vente på venner,
å speide etter nokon ein bryr seg om
-er ei tid som inneber mykje

Det meste er klart,
Anna Margrete ventar.
Ho ventar så godt,
eg veit sjølv om forventningane rundt some møter,
kor skjørt og ømfintleg det er,
oss mennesker i mellom

Også lukka over å springe
under vimplar og morelletre med blader som skiftar farge,
vise veg for barnehagegruppa,
-desse små fine småfolka som tilbringer mykje tid i lag,
til ein far som pressar eplesaft av årets eple

Det er godt å vise fram til venner noko som ein mestrar i lag med sin
eigen far

-for så å drikke verdas beste eplesaft i lag med ein god venn.

Eg tenkje ofte på at me må vera
gode med kvarandre,
på ein eller måte prøve å ha hjarta
på rett stad.
Småfolk kan ofte dette litt betre synes eg.

Det er skattar me leitar i jorda etter. Og me fann!

Anna Margrete og eg laga oss eit prøveprosjekt tidlegare i vår:
gulerøtter blei sådd.

I dag hausta me avlinga vår,
fine små søte gulerøtter var å finna.
-i lag med to kjekke søskenbarn drog me opp desse flotte orange finingane.
Me undra oss alle over, kor magisk dette er på mange måtar.
I vår eit knøttande lite frø,
nå haust søte små gulerøtter.

Det er skattar me leitar i jorda etter.
Og me fann!
Årets saga er til å undra seg over.

Fine greier.

Denne har blitt til igjennom sommaren og inn i hausten.
Oppskrift og garn er i frå pickels.
Haust er jo ein stor favoritt her på garden.
Epla på bilete heng ikkje lenger på trea,
dei er komen i hus og kanskje alt ete opp.
For her haustar me jo til folket!
-fine greier.

Haust er tid med venner.
Haust er det gode mørke,
-som snik seg om oss om kveldane og snart om morgonane.
Også fine greier.

Tre grenerasjonar kvinner og ei venninne.
-er i samarbeide om å lage dette.
-til heldige oss, til vår stova.
Besto, mamma, Linn og eg.
Fine greier.

Driv du på med noko fint?

Lukta av eple. Lukta av haust.

Det er tydeleg haust her hos oss

Eple i tonasje blir varsamt pitla ned frå trea og frakta ut til folket,
kanskje til deg?

Me jentene er også i haustmodus,
laga eplasaft til middag

et meir enn eitt eple om dagen,
eple i så store mengde gir frå seg den beste lukta.
Lukta av eple. Lukta av haust.

Anna Margrete veks opp i ein tydleg rytme av årstider,
dette er noko som gjer meg glad.

Elles er eg svært spent på den nye regjeringa,
med tanke på innvandring, skule og landbruk.

Kva er i ditt?
-desse nye haustdagane?