Kjenne at ein er venta.

Dette er ein fin gjeng,
ein av dei finaste me veit.
Venner er noko av det beste!

Det gjer godt å høyra deira stemmer i lag,
så deira rørsler i samme rom.
Kjenne på det å vera i lag.

Kjenne at ein er venta
vera i det som er
i lag

Jul i barndomsheimen.

Det er sjølvaste julakvelden!
Anna Margrete får eventyrkappe hos oldebesto,
den gjer at ho flyr endo høgare,

Me pyntar oss,
 for kvarandre,
for jesusbarnet,
for sola som kjem nærmare.

Et i stova
og det er veldig stas

seinare kjem gåvene

og kaffien,
som kjem til å bli servert i mi farmor sitt finaste servise

Det er så veldig veldig mykje som er godt,
i min barndomsheim.

Tusen takk for så mange gode og varme kommentarar som er komt til her inne.
Dei varmar alle samman.

Eg håpar du har gode romjulsdagar,
at du er der du ynskje.
Utanpå og inni.

Varmt,
Elisabeth

Dette vakna eg opp til ein dag i det nye året.

Dette vakna eg opp til ein dag i det nye året.

Og dette blei eit av dei store høgdepunkta for Anna,
å gå julebukk,
nyttårsafta.
Den Store siste festen i året,
den dagen trippa jenta mi stolt avstad påført pippiparykk,
 og lys på hovudet i lag med gode venner.
Det blir sunget i stor iver,
 og alle vérs:
Nissen på låven!
Anna gav seg ikkje med denne ein turen,
for trettendedagjul,
som er den:
Store Julebukk dagen!
Den dagen bukkane kjem for å ta jula ut av huset,
for å samle i hop restar av søtsaker i sine vesker,
trappa ho opp att,
med sine bestevenner
Olav og Nora!
Tradisjonen ligg ikkje i bygda, men frå i år av, har den blitt det på vår gard,
med eit håp om at det sprer seg til nye hus og gardar.

Har du tradisjon om julebukk?

Velger å vise deg stemningar frå jula 2009 i min barndomsheim:

Velger å vise deg stemningar frå jula 2009 i min barndomsheim.
det har seg slik at eg er så heldig å ha ei mamma
som kan sine ting,
veldig veldig godt!
også når det kjem til Jul!
 Ho er eit desemberbarn,
eg blei fødd på hennar 25 års dag!

Dette året er eg gravid,
 Anna veks og varmar seg inne i meg
 og
sjølvaste nissen kjem innom.
Fotograferar han sjølvsagt,
han har glimt i auga!
Det er det året det kom så uendeleg mykje snø,
og stjerna lyste så fint i vindauga.

-og på senga venta nattkler og flanellsengkler.
-all kjærleiken

som kjem til meg inne i dette huset.
Er fantastisk å oppleve!
Mamma og pappa.

I barndomsbygda som er ei vik, finn eg også denne jenta!
Ho er blandt dei vakraste vakre!
du treff også denne fine jenta:  her og her og her

-og til slutt: året 2009 gav eg desse pakkane vekk,
i gleda.

God Jul Godt Folk!

Musikk: Home for Christmas -Maria Mena

Venner + Jul = Stas

Her er Nora!
Nora har du helst på tidlegare.Her.
Då var det sommar. Her er det Jul!
Det er frå Jula i fjor.
Den feira me i lag med Nora og hennar familie.

Venner + Jul = Stas
Og det var Anna si aller fyrste Jul!
Det er godt å vera fleire.
I kvardagen,
i jula!
Sjølv er eg desmberbarn,
 og av den typen menneske som sett jula høgt!
Som prøver å gi og ta varmen frå meg og til meg,
istaden for å fokusera på at det blir for trangt eller kanskje tett.

Dei aller fleste av oss, har jo eit valg.
Eg håpar og trur at også denne jula,
blir
ei:

GOD JUL!

Likar du jul Kjære Lesar?