Primulapleddet.

Arne og Carlos har også inspirert meg, den nye boka “håndarbeid i hagen” gjer godt for auga,
det er derifrå oppskrifta til dette teppe kjem frå. Primulapleddet.
Teppet heklar eg med nøstebarngarn, likar så godt fargane og tekstur som er i det,
det kjem nok av at det ikkje er så behandla som andre garn. Også ein fordel.

Driv du på med handarbeid?
Vis meg, det gjer meg glad.

Det kjennes godt å pakke inn noko som er laga i fellesskap for å varme nokon ein likar veldig godt.

Dei som kjenner meg,
veit at dette med lappeteppe er noko som fasinerar meg stort.
At desse teppa kan lesast på så mange ulike måtar,
korleis ein treng mange lappar for å få det til å vekse,
korleis det kan vera symbol på så mangt.
Menneske i ei bygd.
Fellesskap.
At det å vekse tar tid.

Også oppå det heile så varmar dei.
Å  lage noko som gir varme til andre.
Ull er gull.

Enklare samarbeidsprosjekt skal ein leite lenge etter tenkje eg ofte:
Dette teppe er eit samarbeid mellom mor til min kjære sambuar og eg.
Det er ei gåve til Anna Margrete sitt kjære søskenbarn Gaute.
Han bur på hi sida av fjorden og blir snart 8 heile år.

Sjå også her

Det kjennes godt å pakke inn noko som er laga
i fellesskap for å varme nokon ein likar veldig godt.

Har du lappeteppetankar?

Det å skape noko som vare, som blir til, for å varme.

Det har blitt mange lappetepper,
sidan eg byrja å hekla.
Det å skape noko som vare,
som blir til, for å varme.
-gir meining synes eg.
Dette prosjektet er litt av bidraget mitt til mi kjære vennine Linn
sitt veksande teppe. Desse teppa er jo glimrande samarbeidsprosjekt.
Samarbeidsprosjekt som dette er nett i mi ånd,
å sjå at noko vekse fortare fordi me er mange.

Det er ofte her eg sitt,
ein favoritt krok i mi eiga stova.

Har du ein favorittkrok i din heim?

Lappetepper til nye fjordingar fødd i 2013 vest i Ullensvang herad.

Lappetepper til nye fjordingar fødd i 2013 vest i Ullensvang herad.
Me i Folgefonn husflidslag har hekla og strikka lappetepper til born som kjem
til, her i dette året.
Det er stort uansett kor eller kva det kjem nye små folk til.
Men det er vel ikkje til å legge skjul på at her i utkant Noreg er det eit stort ynskje om at det kjem
fleire til.
At dette er eit ynskje som ligg i heile befolkninga.
Så prosjektet var ein lyst å vera med på,
alle så ivrige,
så glade for å kunne gi noko som kunne varme
dei små heilt nye sårbare kroppane.

Elles er det ei nerve i dagane som går til valet i morgon.
Her på garden stemmer me for
rettferdighet og miljø.

Lappeteppe og smak av vår.

Dette lappeteppet er i skrivande stund heilt ferdig montert
og den flotte bursdagsguten har fått det.

Det er søskenbarnet til Anna Margrete som nå varmar seg med det.
Han heiter Anve,
 og
bur på hi sio av fjorden.

Anna Margrete er svært glad i Anve,
ho veit at det er Anve sitt teppe,
trykker det godt innåt seg.

Teppet er eit samarbeid mellom besto til Anve,
min sambuars mamma og eg.
Ho strikka,
 eg hekla og monterte.
Veldig kjekt.

Denne laurdagen var det vår,
i dag ligg nysnøen låg.
I morgon er det 1 mai.

God tysdag godt folk.