Alveslottet vitjar Jåstad grendahus

Den fine salen ventar på borna og Alveslottet

Det er rom for å helsa på.

Alveslottet har fargane med seg,

me møter ei heks, ein robot, ein kjempe edderkopp
og

det er til å kjenne på stemninga i rommet

det er så klar, open og forventningsfull.

Det er så godt å oppleve

krafta i forteljinga og teater i lag med borna.

Plutseleg kjem det ein sommarfugl forbi, 

og prinsar og dragar og stallgutar.

Alveslottet har vitja Jåstad grendahus.
Det var ei vidunderleg helg,
med opplevingar som rørte ved små og store folk.

Dette huset, denne salen. -som er bygd opp på rammene om fellesskap og møter.

Lappeteppa heng klar til basar, det er laurdag ettermiddag. Og Linn og eg har fyrt sidan fredag ettermiddag.
Det er varmt og godt. Det er kaker og levande lys.

Dette huset, denne salen. -som er bygd opp på rammene om fellesskap og møter.
Så viktig.

I kjellaren var det lyktemakeri.
Ein bukett av verdas finaste kom.

Gleda er så tydeleg. Utan filter.
Rett på.
Vidunderlig.

Desse blei laga. Så vakre. Fin rytmisk 4-klassing tromma buketten opp i eit mørklagt lokale.
Så skjørt,
så vakker.

Tusen takk for ein vidunderlig laurdags ettermiddag.

Basar: Lappeteppeprosjektet

Det er nesten ufatteleg, men desse fine finaste lappeteppa er laga av menneske langs fjordsida her vest i Ullensvang.
Tenkje kvar enkelt teppe er ein skatt,
så mange nevar i arbeid,
så mykje varme som alt ligg i dei,
-også før dei blir lagt om nokon

Dei kn også bli dine,
om du kjem på basar på Jåstad grendahus laurdag 26 januar kl 15-17.
Her blir det loddsal,
kankje du alt har hatt ein loddselgar på døro?

Katten vår Annabella vil også varme seg i alt dette varme.
(skjønnar eg godt)
Det er også kafe i grendahuset denne dagen,
i kjellaren vil det bli høve for barn og lage lanterner.
-lever då inn tomt syltetøyglas innan onsdag til
Linn Østerbø eller meg (Elisabeth Emmerhoff)
Borna er den største inspirasjon kjelda til Me hjartar grendahuset,
under sjølve basaren vil me prøve å vise dei det.

Håpar du kjem!

Lappeteppeprosjektet til Me hjertar grendahuset.

Lappeteppeprosjektet til Me hjertar grendahuset,
fekk inn heile 8 flotte, fargerike
og
ikkje minst varme lappeteppe.
Og veldig veldig fine.

Prosjektet er så vakkert.
Felleskapet.
 Samarbeidet.
 Det unike i kvar enkel lapp.
Så avhengig av kvarandre for å få det til å vekse.
Så avhengig av kvarandre for å vera ei bygd.

Prosjektet er framleis å finne på Hardanger folkemuseum, Utne.
Om du har høve:
ta turen dit!