For dei aller vakraste.

Nødvendig og nydeleg Linn,
mi gode veninne Linn.
Mamma til Nora og Olav.
Nora og Olav som du kanskje har møtt er her inne på bloggen tidlegare:
som her.
Samen drog Linn og eg i hop eit påskeprosjekt,
som blei stor suksess.
Påskeeggjakt for barn,
 kor barna blei kjørt ut i bygda i hengar på traktor, til ein frukthage kor trea er mange og fjellet står høgt.
Egg blei jakta på i duskregn og traktordrønn og ivrigge små og store barneføtter. Etter velukka påskeeggjakt bar det tilbake i grendahuset for utloddning, sal av heimebakst og saft. Og danning av eit stort fellesmåleri,
det var magisk å sjå kor ivrig, konsentrert og fokusert skaperane av måleriet var.
 Prosessen gjekk frå å vera figurativ til å bli abstrakt.
Måleriet bere titelen: I lag.
47 barn deltok på arrangementet!
Linn og eg glade.
Etter opprydding, opna me champangeflaska og fniste og dansa  oss inn i påsken.
Medan dei aller vakraste var i svevnen.

Det ligg ei stor drivkraft i meg,
for barna,
-og opplevinga
og oppdaginga
som ligg i
kunsten.

Har du noko som gir deg stor drivkraft?

   

Det er viktigt for meg at Anna kjenner fjorden.

Det har vore påske,
om me bestemte oss for å ha ein påske med tid til kvarandre i fokus.

Dette er Nora, me likar å vera i lag med Nora.
Denne dagen testa ho grenser med fjorden.
-det resukterte i våte sko.

Me måla på egg, me måla mykje med akrylmåling denne påsken.
Om kvelden drakk me kanskje champange eller te.

Fjorden fekk av skona til Nora,
men kva gjer det når ein kan varma seg på ull, nybaka kringla og solobrus!
-kvar påske drikk eg solobrus, så og sei aldri ellers.

Olav viser fram målte egg. Han er stolt.

-for kva skjer i det skapande menneske?

-det opnar iallefall opp til utviding, til konsentrasjon til oppdaging
og
til utforsking,

Det er viktigt for meg at Anna kjenner fjorden.
At ho får ein bevist relasjon til den.

Påsken var svært god.

Du i din påske?
Kva var ditt fokus?