Prosjekt: Eitt fotografi om dagen, mars2012, del 6

17.03.12: vatn.
Eg drikk alltid eit glas vatn
før frukost.
Det er som om det er heilt nødvendigt,
at det er det kroppen ønsker.
Etterpå kan frukosten sjå tildømes slik ut.
Også te.

18.03.12: noko eg har kjøpt meg.
Denne kjolen har blitt min.
Kjolar er svært viktig!
Det er som om nokon dagar berre treng dei!
For det er dagar som tilhøyre kjolane!

19.03.12: søtt
Dette er kjærleikpåpinne,
pinnen er av tre og resten er sukkersøtt.

20.03.12: Nokon eg elskar.
Denne jenta elskar eg,
høgare enn himmelen!

Prosjekt: Eitt fotografi om dagen, mars2012, del5

13.03.12: i veska mi
Dette fann eg i veska mi den dagen.
Lippestiftane er nye og dei har eit sterkt ønskje å bli meir brukt!
Det må til.
Velkommen Vår!

14.03.12: Noko eg les
I framtida mi ligg det to reiser, eller det spørs korleis ein ser på det.
-ein reiser i så mangt,
i kvardagen, i livet.
Desse reisene er ut på tur med koffert reiser,
og det er JIPPI inni i meg.
Alt på måndagmorgon,
ventar Milano.
Eg vantar nå på Milano,
-for kunsten,
-for barna,
-for livet!

15.03.12: Lukka
Det kan vera laurdag som denne,
eg er i ei god barndomsveninne sin heim,
det er levande lys, god mat og bobler og
det er ein nydeleg bukett med veninner i kjolar rundt meg.
Det er samtalen,
 og desserten
 som blir servert i fine gamle tallerkar.

16.03.12: Morgon
Me er i barndomsheimen,
eg har kaldheva vanilje- og kanelboller natta over.
Bror Christian kjem på frukost
og det meste er ultra godt.

Prosjekt: Eitt fotografi om dagen, mars2012, del 3

08.03.12: Himmel.
Dette var himmelen denne dagen.
Det kjennes ut som om det ikkje er så mykje
å sei om den. Om himmelen her.
Utan at den lovar vår,
for klokka er her nærmare 18.00.

09.03.12: daglegrutine.
Kva morgon,
 så og sei,
om ikkje tida kjem for fort
så drikk eg te.
Svart te med melk.
og dette er viktig:
Tehaldaren skal vera oppe i koppen når den blir fylt
med vamt vatn.
Dette får teen til å trekke sikkeleg.
Og tehladaren skal vera ute av koppen
når eg tilsetjer melk.
Sånn likar eg det.
(bildet er frå garden)

10.03.12: Barndom.
Dette fotografiet er det vakraste fotografiet
frå min barndom.
Det er min pappa som ser på
mamma
bror Christian
og eg.
Me er på mamma sin barndomsgard,
det er sommar.
Og eg tenkjer det symboliserar dei to
 T-ane
som var sentrale i min barndom:
Tryggleik + Tid.

Prosjekt: Eitt fotografi om dagen, mars2012, 3

06.03.12: Noko som får meg til å smila.
Når me kjem heim frå barnehage og skule,
og me er prega av dagen,
då kjennes ut for meg
at me nå er einige om:
at det nå er godt å vera i eitt rom kor det berre er oss to,
det er varmtstille rundt oss.
Anna finn noko å tutle med som å tømme penalhuset mitt,
eg lagar middag.
Dette får meg til å smile.
Denne gleda gir meg smil.
07.03.12: Favoritt.
Det måtte bli Anna.
Anna Margrete mi.
-for det er ingen
over
eller ved sida,
i mi rekka
om mine
favorittar.

Prosjekt: Eitt fotografi om dagen, mars2012, 2

04.03.12: Postkasse.
Denne postkassen heng utanfor,
 den er ikkje i bruk,
 med untak av  ein gong.
Eg hentar posten vår i eit fellesrom for postkassar
her i studentbyen.
Den eine gongen den var i bruk, var når eg hadde bestilt ei bok frå Amerika.
 Eg venta boka, som ikkje kom,
men boka var her alt,
den hadde blitt levert på døra, når me ikkje var heime.
Den låg i postkassen her.
Eigentleg veldig Fint! 
05.03.12: Noko eg hadde på meg.
Dette smykke,
av ei fjør.
Det er så sirligt og lett.
Eg kjøpte det på bursdagen min i London.
Likar det godt,
sjølv om eg ikkje brukar det så ofte

Prosjekt: Eitt fotografi om dagen, mars 2012, 1

01.02.12: Sjølvportrett.
Det er morgon, me er i farta.
Anna passar på meg, finn skoa mine,
vil lukka jakka mi. 

02.02.12: Frukost.
Me kokte kakao eller sjokolade til frukost.
Anna og eg,
blir begge ekstra glade. -for det søte.

03.02.12: Noko eg likar svært godt.
 Vårlyset som kjem sakte sakte tydlegare til meg.

Prosjektet er eit samarbeid med fine Kjersti N.
Sjå hennar augneblink HER