*Avhengig*

Fine fine flotte mennesker har vore i lag med oss dei siste vekene.
Her på garden
og andre stadar.
Konklusjon: Avhengig.

Sommarbord




Desse borda er nokre av borda eg har hatt ein stol rundt i sommar.

*ferie02*

Me reiser fyrste gong på ferie som ein gjeng. Det er stas. Bilen var overlasta, målet var nabo kommunen Kvinnherad – Rosendal, heilt perfekt for oss.

Leigt hus frå 1850 med både platespelar og kassetspelar.
Me surra Dirty Dancing ein kveld det regna.

Frukostdessert.
I morgon reiser jento og eg på øyhopping i Sunnhordland, fint fint!

*Agatunet*

-ein Europeiske landsbyen i norsk versjon.
Agatunet er eit av dei få bevarte klyngetuna som me hadde så mange av i Noreg i tidlegare tider, eit eineståande døme på vestnorsk byggjeskikk frå mellomalderen og fram til i dag. 30 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar, offergroper og helleristingar.


Om du ein dag reiser ut langs Sørfjorden på vestsida, kan du kanskje stoppa på Agatunet. Og sjå dette:



Og eta vaffelhjerter med plommesylta frå hagen:

oppleve maleri mellomanna av kunstnaren Jorunn Hanto-Haugse:

gå på desse golva:

og rusle rundt her med is i neven:

GOD SOMMAR GODTFOLK!



Eg reiser på ein liten ferie til heimbygdo
Foto: mitt

Ho er eit av dei finaste menneska eg kjenner.


Besto mi.

Ho bur på ein gard på ei øy, ho serverar frukt til dessert med mjelk rett frå tanken. Ho dingalar med beino når ho sit, ho har stor dyna kor det er plass til fleire, i helgo var mine timar hos ho.

1 2