Sankta Lucia

13 desember: Lucia-dagen.
Omtanke, nestekjærleik og om det å dela.

Me går i tre hus,
Anna og eg, med nybaka lussikattar.
Ho syng songen stille, så berre den som lyttar ekstra godt
kan høyre.

Det blir ei vakker vandring i frå hus til hus,
oss to
og kramsnø
i vinternatta.