Fargerik larve er komen til gards.

03Alfred lar seg lett forføre av musikk larva frå Lamaze. Dei klåre fargane og dei små detaljane laga for utforsking av små fine fingarar passar fint for Alfred. 02

Sjølv om det er Alfred som denne gongen var heldig å få tilsendt ei leike frå Lamaze, så er det på storesøster Anna Margrete på 4 år sitt rom, me finn larva. For ho likar også fargar, og mjuke lange larver -svært godt faktisk. For kvar kveld sidan larva kom i postkassa vår, har den fått dele seng med den fine jenta vår på 4 år. Sjekk ut http://www.lamaze.no for fleire fargerike og alsidige leiker. Innlegget er eit samarbeid med Lamaze, eit samarbeid me er glade for.

 

Uønska oppgradering.

I ei litt travel stund her, var eg innom bloggen for å oppdatere litt. Noko som ikkje skjer for ofte desse dagar. Såg då at det venta ei oppgradering, eg tasta ja -utan å sjå nøye nok på kva eg svara ja til. Og resultatet blei at bloggen forandra seg, det fine Mariell frå Hjartesmil hadde laga, -forsvann for meg. Etter å brukt mykje tid, finn eg ikkje ut -kor headeren min ligg, bilda blir heller ikkje så store, -dei blir faktisk litt vridd. Håpar at det lar seg orde, og at de held ut, og framleis kjem innom. Fram til det er fiksa, får eg ikkje posta noko nytt. Håpar det ikkje blir lenge til, for eg savnar blogginga. -nå som ikkje høve er her, og det ulike saker som skulle blitt syna.

Uansett god onsdag godt folk.

DSC_5779

 

Nå som eg er i premisjon, brukar Alfred og eg mykje tid i heimen. Det gjer at også den treng meir pleie og vask, den er jo meir bruk, og eg ser meir kva som bør bli gjort. Nokre dagar blir eg så svimmel og lei av denne sirkelen, utan slutt. Andre dagar er det fint å sjå kor fint det blir, etter som eg ryddar/vaksar meg fram. I min fyrste permisjon i lag med Anna Margrete var dette ei større utfordring enn den er for meg i dag, då var det så stor forandring. I gå i frå å ha den tida ting trengte til å ha eit lite barn som trenger meg -som er mitt ansvar. Ein av dei tinga eg har gjort medann eg er på veg til å finne ein gode rytme, er å lytte til folk rundt meg, som eg tenkje har funnet ut av noko på ein eller anna måte. Eg elskar rett og slett å lese/høyre om andre sine kvardagsrutinar. Om kva som blir gjort, og korleis og kvifor og ikkje minst kor tid. Her på garden er det ikkje til å komme under ein stol at det er eg som driv med innearbeidet, dette har til tider irritert meg. Hadde sett for meg å finne ein mann som eg kunne dele denne oppgåva med. Alt blir ikkje som ein har sett for seg, men det står store paller med tørr ved i løa, kjøla er fylt med velsmakande eplasaft, den vannbårne varmen går som den skal. Så eg har også komen fram til at husarbeid er mykje meir, enn golvvask og støv og anna oppvask. Men lite viste eg, som kom frå ulike leigde leilighetar, kor eg ikkje tenkte på anna akkurat meg og mitt.

Så tilbake til heimen. Akkurat nå funkar kvardagen ca litt sånn:

Ca0730: står opp, Alfred og Anna Margrete har alt vore oppe ein liten time med Jørund. -eg ordnar med det som ikkje alt er blitt gjort. Det kan vera å finna kler til Anna Margrete, smøra nista, la Alfred ete frukost. Tar ut av vaskemaskina(-dette skal eg prøva å få gjort om kvelden) også inn i oppvaskemaskina. Dysjar. Gjer Alfred og meg klar til dagen.

ca0930: Alfred søv. Eg driv litt på med kler, finn fram middagen for dagen. Målet er å handle ein gong i veka. -då eg ikkje likar å bruke tid på dette. I det så har eg som oftast fleire middagar i tankane. Denne måten å handle på, gjer at det ikkje blir så mykje nye oppskrifter. -om eg ikkje blir betre på å førebu meg. For å finne ro, må eg alltid ha ei vis aning frå starten av dagen kva som skal bli servert til middag. Etter det ser ok ut i heimen driv eg kanskje på med dette:  redigerar bilder, drikk te, strikkar, les eller skriv blogg -som nå. Andre dagar søv eg i lag med Alfred. Berre for at det er det beste den dagen.

ca 11.00-12.00 Me et litt, og som oftast går me ut. Sjekkar kva som skjer på garden. Trillar tur med naboen og hennar gut. Noko fint er planen.

ca 1300-14.00 Alfred søv igjen. Førebur middagen, dekkar bord.

ca1430-1530: Hentar Anna Margrete i barnehagen, om ikkje Jørund gjer det. Middag og kaffi og stund i lag.

ca1630-1800: Alfred og Anna Margrete leikar i lag på golvet. Jørund tar Anna Margrete med ut på litt gardsarbeid etter at han har tatt oppvask og rydda den på plass. Er også i denne tida av og til på besøk/får besøk, men har erfaring sett at det er ikkje heilt gunstig for Alfred å gå på besøk. – han er då litt trøtt og vil mest vera i ro.

ca1800-1900: Ofte Barnetv. Anna Margret ser på Barnetv på NRK. Då eg tenkje det er viktig at det er i frå denne kanalen, for å oppleve felleskapet som ligg i det. Å kunne snakke, gjenkjenne det som er i programet. For å kunne veta at her sit ho i Hardanger og ser det same som eit anna barn inst i ein fjord i Vesterålen eller i hovudstaden vår Oslo. I denne tida legg eg også Alfred.

1900-1930: Jørund eller eg legg Anna Margrete, eg les ei bok og syng to songar. Jørund ligg med ho heilt til ho sovnar. Eg snik meg ofte ut før.

1930-ca2230: litt meir husarbeid, sjekkar mail, redigarar kanskje litt bilde, strikkar, lyttar til podcast, ser på tv, er i lag med Jørund, les.

Litt sånn kan ein heilt vanleg dag sjå ut her hos oss. Nå hadde eg blitt glad om du fortalte litt om din dag og dine rytmar?

DSC_5782
Her bakar eg brød. Grytebrød. Ein slagar i heimen, spesielt når det kjem gjester som her.

 

 

 

 

 

 

DSC_5476

Aller helst vil ikkje Anna Margrete dela besto si med nokon.

Her er det kaffi og dessert etter middag, i barndomsheimen min. Eg likar så godt å drikke kaffi etter middag, og aller helst i sofaen, mjukt å sitje, kvile seg litt vaken, også om dessert så er det heilmaks. Det er ikkje tvil. Dei beste måltida har det heile, det salte, det bitre, det sure og ikkje minst det søte.

The extraordinary will take care of itself.

01

“Do not ask your children
to strive for extraordinary lives.
Such striving may seem admirable,
but it is the way of foolishness.
Help them instead to find the wonder
and the marvel of an ordinary life.
Show them the joy of tasting
tomatoes, apples and pears.
Show them how to cry
when pets and people die.
Show them the infinite pleasure
in the touch of a hand.
And make the ordinary come alive for them.
The extraordinary will take care of itself.” 

William Martin

Fann dette i morgon timane, tenkte dette er til for å dela. Alfred søv og eg skal lage til kaffi med mjølk og kanel, -det er blitt bytta ut med min over mange år morgonte. Sterk earl grey med mjølk utan sukker. -det var tid for ei forandring, den gjer godt kjenner eg.

Ka drikk du til eller kanskje etter din frukost?

Epletid.

04Aldri før har det vore meir eple på dei ulike dyrkingsfelta her på garden, blir eg fortalt. Det bugnar i raude saftige eple. Kanskje har du ete nokre alt? Kanskje herfrå? Prins, Discovery og nå -frå i dag Summerred. Tonn etter tonn blir kjørt ut og inn i heimane rundt om i landet. Og alle kvart einaste, er blitt pitla ned av nevar, lagt i hentepose for så å bli båre bort til store trekassar. Så kjærleg. Lite viste eg om all omsorgen som ligg rundt eit eple, før det er å finne i butikkane. Og om du er eller skal til Skånevik fyrstkomande lardag, så satsar Anna Margrete og eg å selje Summerred eple på laurdag 6.septemer kl 11:00. I sentrum. Håpar du kjem og et knasande eple i lag med oss.

 

 

Festdag.

013
På søndag er det festdag for oss, Alfred sin dåp. Me er så heldige å få oppleve at den skal vera ute i Agatunet, som er eit gamalt klungetun, festen skal stå på Utne hotel, -som er eit nydeleg gamalt hotell frå 1722.
Me gler oss til å vera i lag med venner og familie.
Besto kjem.Bildet er frå tidlegare i vår, søskenbarnstas.
023
Stemning frå Agatunet

Eit brev frå ei mor i vest:

For eit par veke sidan forfatta eg dette brevet, til politikkarar her i heradet vårt. Det som møtte meg var så uproft, at ein gnist blei slukt. Brevet blei sett på som ei enkelt klage frå meg og ei kjensla om snakk over kaffikoppen blei gitt meg. Som om sonen min, Alfred og eg, -trengte tettare oppfølging i den tenesten som eksisterar, at me var svært misfornøyde. Det var aldri meint som ei klage på vår spebarnhelsesøster, for ho likar me svært godt. Men i heradet vårt er det tilsett fira helsesystre, men ingen brukar kontoret fast her vest. Vårt herad har ca 3500 inbyggarar. Sørfjorden deler heradet i to. Me bur på den sida av fjorden som har 40% av innbyggartalet. Kanskje du kjære lesar, kan skrive kva du synes om denne saken. Det vil varma. Utkant Noreg – helsepolitikk.

Eit brev frå ei mor i vest:
12. mars 2014

Det er mange ting i ein liten kommune ein forventar er rettferdig.  Ynskje er at alle skal kjenne seg velkommen og likestilt. I kvardagen, og i møte med offentlege tenestar.
Kanskje er den aller største bragda i livet for ei kvinne å setje nytt liv til verda. For  faren til barnet kan det å vera å få vera tilstades når dette skjer, vera den største opplevinga i livet.  Saman ønskjer dei få dagar etter fødselen å kunne bringe familien, med det heilt nye barnet, heim. For å kunne kjenne at systemet virkar, at det er rom å komme til for å få hjelp. Hjelp og råd til alt det som skal på plass: Amming, vakenetter, søskensjalusi, foreldrerolla m.m. Dette rommet er kanskje ekstra stort i små lokalsamfunn. Kor barnet er alfa og omega for at samfunnet skal fungera og utvikla seg.

Her i Ullensvang vest opplever eg det på ein annan måte. Desse tinga fungerer ikkje likt i heile heradet vårt. Fødande i Ullensvang aust vender seg mot Voss sjukehus og kan komme seg der på under ein time. I Noreg vel ein fritt kor ein skal føde sitt barn. Odda mister fødsler, og det er talet på fødslar i løpet av eitt år som viser om det er behov for fødestove ved eit sjukehus.  Difor har Odda mista si fødestova.

Fødande i Ullensvang vest vågar ikkje å velje Voss sjukehus, for ingen veit når barnet kjem. Ferja sluttar å gå rundt kl. 22.00.  Ein må først til Odda sjukehus for å bli undersøkt,  for så å reise i ambulanse til Haugesund. Ligge fastspent med tre selar over den høggravide kroppen. Spenninga og redsla i heile kroppen er tilstades. Ein kan ikkje røre seg, er jo i ein bil i ei hard lita seng. Forventningane. Lukka. Alt utan din kjære, for han er det ikkje plass til inne i ambulansen, hans viktige nærvær er i ein bil lenger bak. Han har også fått beskjed om å ikkje prøve å følgje ambulansen om farten går opp. Han kan altså miste heile opplevinga av å vera tilstades når hans barn bli født.

Kanskje ein er ein av dei heldige som når fram, etter eit par timar på noko som skal prøve å likna på ei seng. Utsliten og trøtt i den høggravide kroppen. Vil ha sin kjære nær seg, må vente for han er ikkje komen fram enda –til sjukehuset. Barnet kjem, det er heilt perfekt. Haugesund sjukehus viser profesjon og gir tryggleik. Men din kjære kan ikkje få mat her, ei heller kan han få ei seng. Finn eit hotell, vera tre timar heimanfrå – ordna deg nå. Ein heller ikkje vente besøk frå det barnet på tre år som sit heime og skjønnar lite, men veit at ein stad langt der ute er mamma og far og vetlebroren. Kan ikkje komme på besøk, det tar over tre timar ein veg, og du er berre tre år. Det blir for mykje kjøring på ein så liten fin kropp. Mamma kan også kjenne treåringen sine små nevar om halsen, når ho opplever dei andre barselskvinnene sine barn kjem med full energi inn i rommet. På besøk, for å sjå det nye liv. Si søster eller sin bror. Det blir tårer av slikt. Ullensvang vest ligg så langt ute på grensa som det er mogeleg  på Helse Fonna sitt kart, som ein finn i gongen på sjukehuset.

Det er ein mogeleg å flytte barselstida til Odda sjukehus, men av erfaring så var det ikkje greitt. Det var ikkje greitt å ikkje møte nokon andre barselkvinner. At det var heilt stille. At det ikkje var nokon på vakt om natta. At det var ein anna avdeling som hadde ansvar for føden. Mange har snudd ryggen til Odda sjukehus.  Kvifor veit eg ikkje.   Det er i Odda vi finn vårt sjukehus.

Eg ville vore stolt over å ha fødd mine barn der inne i industribyen.

Så kjem ein heim, til huset og heimen og den ventande treåringen. Som har kanskje venta litt for lenge, for kor har mamma vore? (Mitt opphald varte i 5 dagar i Haugesund) Og ein ventar at her, i vår vetle kommune, er det god kontakt mellom helsetenesta og den vetle og deira foreldre. Men det er ikkje nokon ”stikkinnom- kontakt”.   Det er ikkje enkelt å nå helsesystera, for ho er på Utne helsekontor berre ein dag i veka, tysdag. Og den dagen er full. Kom til timen. Du kan ringe. Og du kan reise ut å vege ditt barn sjølv.  Ammeproblem, barnet skrik høgare, det er elska høgt. Bera nær hjarta, time etter time. Kjenne på kreftene til den litle kroppen. Snart må få kvila. Reiser heim til heimbygda ( eg er tilflyttar og kjem frå ein kommune med liknande kommunestruktur som Ullensvang, med to bygder, eg kjem frå den med minst innbyggarar, kor totalen på innbyggarar i kommunen er 3600) ringer helsesystera. ”Kom ned med ein gong du, eg er her. Kvar dag.” Opplever ein open kontordør og kaffi på kjelen. Kanskje andre mødre med små nye barn i fanget i sofaen. Får sms med spørsmål om korleis det går, og faktisk kjem ho oppom barndomsheimen min på kveldstid. –for å fjølge opp. Var så takknemleg, så rørt – at det er mogeleg. Å få så god hjelp, og ikkje kjenne seg mislukka. Heimatt til Sørfjorden. Veta at eg har 6-vekers kontroll med vetleguten den 11/3. –då fekk eg beskjed at me skulle fyrst til helsesøster og så til legen. Det var standaren på 6 vekers kontrollen. Såg fram til det. Vetle guten og eg hadde alt vore igjennom så mykje sidan sist, då var han 4 veker. I dei to vekene hadde eg prøvd å minske melkeproduksjonen (etter å ha lest på internett, fann eg ut –her må det vera for mykje melk. Han stressar og får ikkje ned maten.) Me har fått hjelp av helsesøstera i barndomskommunen, ho visste råd om mjølk og trøst om barnet og mamma. Og ho viste til manuellterapaut, to behandlingar på Os.  Og ein liten gutt som griner mykje mindre) Så ringer telefonen, det er frå Helsesøsterkontoret i Ullensvang, ho kan ikkje møta oss på 6-vekers kontrollen. Ei heller legen. Så det blir utsett til 25/3 kl 13:00. Eg spør:”er det ikkje muleg å få komme til litt før, det er 14 dagar til” Svaret er at Helsesøstera skal ikkje til Utne før denne dagen. Men ”kan eg då få komme til litt tidelegare på dagen? – det er ei litt dum tid for oss?” Svar i andre enden: ”Nei, det er ikkje muleg. Dagen er heilt full” ”OK, svarar eg – me vil ikkje trenge oss inn i det som er fullt”. Det kjennes merkeleg og trist at det er for fullt  hos helsesøstera i Ullensvang, eit herad kor det blir fødd i snitt 30 barn i året. Det er ingen stikk-innom, open dør til eit koseleg kontor med barneteikningar eller kaffi på kjelen som ventar oss her i Ullensvang vest. Ikkje veit eg korleis det er på austsida, men meir tid trur eg at det er. For Helsesøstera brukar i alle fall ikkje opp tida si her vest.

Heldige oss, som på fredag fyller bilen med småtassar og reiser mot sør. For å kunne veta at på måndag er det eit helsesysterkontor som har døra open, om det skulle vera noko sånn på tampen med eit heilt nytt menneske i familien.

Liebster

Anna Margrete er kioskeigar.
Her me bur heiter det Grønsnes.


Etter ei helg heima hos mamma og pappa kom eg heim til heile tre bloggprisar. Å, eg blei heilt varm i hjarta. Hadde ei stille stund for meg sjølv, Alfred sov, eg drakk te og las igjennom favorittbloggane. Også der står det Rosa og Eple nemnt i heile tre av dei finaste bloggane. TUSEN takk Ingvild, Mari og Petrine!


Foto: Mari – Lykkelikyiske øyeblikk
Fine Mari som skriv og fotograferar med farge og stor livsgnist. Likar så godt korleis bileta hennar har augneblikket over seg, kor ærlege dei er og heile tida med mykje farge. Ho deler også ofte matplan for veka. Og familien som veks utifrå ein gard på Toten med heile fire småtroll. Besøk ho her
foto: Petrine
Petrine, som eg begynte å følge i venteetida på hennar litle jenta. Ho bu i Oslo og drikk kaffi. Og fotograferar frå heimen, stundo fine reisebrev og ulike kaffiopplevingar. Ho syr litt og strikkar og viser det fram og det inspirerar og her er det også mykje varme å finne. Ho har faktsik fått meg, til å reise meg for å  lage meg ein kopp kaffi. (-eg er ingen stor kaffi drikkar) Besøk ho her

Foto: Ingvild
Ingvild som viser fram det finaste ved Bergen. Som er patriotisk til byen. Som fotograferar nært, til objekta og til det som er viktig. Ho er mamma til Iben. Ho syr. Ho reiser med tog og Ho er dønn ærleg. Besøk ho her

Som de kan lese her, så er det tre tøffe, flotte og svært inspirerande jenter. Kok deg ein kopp te og la deg forføre av jenter her inne.

1. Hvorfor startet du blogg og har den blitt slik du trodde den skulle? Evt hva ble annerledes? 
 16 mars 2010 la eg ut mitt fyrste blogg innlegg. Det var fyrst å fremst for å dekke eit behov, for å ha ein plan for alle bilete som blei til. Som eit arkiv. -å bla i. Å dele. Og for å undersøkje korleis ville min blogg bli, -i sitt uttrykk. Det er jo så inspirerande og utvidande å vera inne på vitjing i andre sine bloggar. Veit ikkje om eg hadde så mange tankar om korleis det skulle bli, eller ikkje skulle bli. Veit berre at eg er glad i bloggen min, og det er mange bloggar der ute som på ein eller anna måte er viktige for meg.
2.Hva gjør du for å hente deg inn når du mister kontrollen og helst vil gi opp/flykte/spise en diger boks
iskrem?
Vil fyrst flykte, så ha samtale med sambuar eller god veninne,
 for så å ta eit bad – med iskrem.

2. Hva er det beste rådet du har fått fra en venn/et familiemedlem?
Min ungdomskulelærar Aksel, sa til meg ved eit vegskilje i livet: 
“Du skal ta eit val, det valet skal du ta 110% og sjå deg lite tilbake” 
-det har fulgt meg. 
Fersk mjølk frå tanken.
På besøk hos besto.
Utsnitt frå kjøkenet vårt,
likar det svært godt.
Lyset.

3. Hva er din hemmelige drøm? 
Å bruke meir tid på ord. Tekst.
Å bruke meir tid på kunst. Til barna.
Å utdanne meg innan steinerpedagogikk.

3. Hvordan er bloggverdenen om 10 år?
Ny.

Me er blitt fira.
Det er stort.

4. Pleier du å fortelle folk at du blogger?  
Sjeldan eigentleg. 
Den ligg her inne. 
Det er fint at folk finn den, og det er fint at folk fortel meg at dei har funnet den.


4. Hva pleier å få deg i godt humør?
Å oppleve å bli tenkt på. At det kjem fram.

5. Hva er ditt bloggnavns opprinnelse?
Rosa for at eg er kvinne og stolt over det. Og for at den fargen prøver på noko så absurd som å tilhøyre hokjønnet. Ingen fargar eig kvinna. Ein vel sjølv. Eg tok her Rosa, for å understreke at det er alltid eit valg.
Eple for heimen min har Noreg sin frukthage rundt seg. Min kjære dyrkar fram dei beste epla og dei flottaste plommene. Eple er eit symbol som blir brukt i kunsten, av byen, i musikken og i litteraturen. Spennande frukt rett og slett. 

Du og eg Alfred,
du og eg.























6. Fortell meg om en skjult skatt.
 Resturant Meieriet i Herand. Her steiker dei pizza i vedfyrtovn, har born sin kunst på veggane og den ligg så uforventa til. Ein flott skatt i bygda Herand. Strekninga mellom Utne og Jondal er ein spennande veg, her kjører du tett opp i gradstuna, møter flotte byggeskikkar og kulturlandskap på vegen. Ta turen. 
Meieriet er open frå mid juni.


7. Hvilken er din favoritt film? Favoritt sang? Og favoritt bok? 
Det fyrste som kom til meg ved dette spørsmålet var den tyrkisk-tyske regissøren Fatih Akin,
 og Sofia Coppola. Tenkje i skrivande stund at eg må sjå meir film. 

Kari Bremnes. Ane Brun. Joni Mitchell. -ein er umuleg

Hanne Ørstavik sit forfattarskap


8. Hvordan vil dine venner beskrive deg? Tror du det er annerledes enn slik bloggleserne dine vil beskrive deg?

Ærlig og engasjert kunne mine venner ha sagt. Trur ikkje det er det fyrste som kjem til blogglesarane. Men det er jo dette som er interessant med menneske. Det er lag på lag på lag på lag. Kven er me aleine? 
Småtroll på besøk.

9. Anbefal meg en by og hva jeg bør gjøre der. 
Barndomsbygda mi Skånevik er ein skatt, den gjer godt. Så eg anbefaler deg ei vestlandsbygd.
Reis ein vårdag, kom innover fjorden med hurtigbåten -kanskje frå Bergen. Med bagen i handa ruslar du opp til hotellet. Kanskje får du eit av romma med utsikt over fjorden. Ser badeøya som heiter Peparen badar i vårsol. Kanskje tar du kjole på og vandrar bort til den lokale bakaren (ja, denne litla bygdo på ca 1000 innbyggarar har eigen bakar) fin deg eit ledig bord i lokalet som ikkje er stort. Borda er runde og den varme sjokoladen sjenkar du deg sjølv. Ikkje gløym å smake på sitronmuffisane, dei er så saftige, så gule og akkurat passe store. Medan du sit der og får i deg ein god del godt sukker, ser du plutseleg at rett over den smale gata av kvite trehus er det ein liten strikkebutikk også den nær elva. Du lukkar kanskje boka, eller kanskje du ikkje las for det var så mykje å sjå. Du kryssar gata med øyrene fylle av elvesus, inne på srikkebutikken møter livlig dama i stort engasjement og glede driv butikken fram. Her er det endringar i vindauge og i modellar som heng på utstilling inne. Kanskje kjøper du nytt garn, i fargar som bygda gir deg. Ruslar tilbake til hotellet. Legg deg på senga, gjer på ting du likar å gjer. Bestemmer deg for å rusle eller kanskje springe kjærlighetstien, -ein sti i varierande landskap -inn i bondes sitt kulturlandskap, tett skog, asfaltert bygdeveg, utsikt og akkurat passa lang. Når kvelden kjem et du kanskje middag i returanten på hotellet og drikk drinken inne i baren eller på koselege Blonder og blues. Om du har born eller berre er umåteleg glad i Pippi, så reis til Skånevik i juli. For då kjem Pippi også!
Les meir om den flotte bygda her







9. Hvilke matvarer må du bare ha i hus?
             Skånevik                                                                      Kjærlighetstien                                          foto: skaanevik.no

Foto: Englatroll.no



10. Fortell meg noe jeg ikke vet

Eg snakkar fort, enda fortare når eg er engasjert.

Mjølk, brød og gulerøtter

Ein favoritt plass.

Dette er ein viktig heim for meg.


10. Har du en kampsak? I så fall, hva?
Rettferdighet. Likestilling. 
Akkurat nå er det kommunestrukturen i heradet her eg bur som engasjerar meg. 


Og så skal staffetpinnen videre!

Inger som skriv og fotograferar i bloggen Året rundt på Rinden. Blir rett og slett glad kvar gong det er nytt frå ho. Her spirer og gror det i drivhuset om sommaren, det er bøker og ull. Det er sakte livglede. Det gjer godt.
Kristin frå bloggen My life as Kristin -med rolege fargar visar ho fram fotografi som poesi. Vakkert.





1 2 3 7