Eg likar!

Det er vidunderlig å tenke på at i morgon på denne tid er eg i Trondheim!
-i lag med 3 vidunderlege!!
3 netter på hotell i nesten ny by.
Dagar som er opne for nyting,
på høgt nivå.

Eg likar!

i helgo:

var eg på garden og der baka eg

og hadde fine måltider i lag med fine mennesker

strikka og det var heilt stille rundt meg

drakk vin i lag med gode Linn,
me snakka om språk,
 -om korleis ein finn sit språk,
i forhold til dei ein lever tett i lag med,
for å kunne sjå kvarandre tydlegare.

Nå i byen att, og ute er det snø.

Tusen Takk for fine Trondheim tips!
-me reiser til helgo.
Ultra Stas.

Hei! Dette er Bjørnar ♥

Hei!
Dette er Bjørnar.

Navnet hans ligg så fint i tre generasjonar:
morfar: Bjørn
onkel: Leif Bjørnar
og her,
hjerteguten:
Bjørnar

-om du ein dag kjem på besøk i det kvite huset,
som Bjørnar bur i,
viser han nok deg rommet sitt.
Der har han bøkene sine,
og ein kommoden.

På kommoden kan han sitje å speide ut over bygda si.
I lag med løva, elefanten og krokodilen.
Her nå,
 og i bøkene.


God Kveld i Stova di.

♥ Tid til Kvarandre ♥

Det har vore helg,
 og denne fine fine gjengen,
 opnar dørene
og inviterar oss,
Anna og eg
inn i
varmen

Anna møter Villemo
Villemo møter Anna

saman er dei
 tigerjenter,
finejenter,
sintejenter.
godjenter
og
heile tida
Diamantjenter

Det er blitt laga måltider,
dei beste måltider
kor hovudingrediensen
er tid og kjærleik.
Ete av dei finaste servise,

med duk på bordet,
laga av ho som knytter oss saman.
Besto.

Og denne fine jenta.
Som alltid kjem og gir av si
tid
og sin
varme,
og
styrke.
Me vernar samman om det som er godt
me er familie og venner,
3 søskenbarn
me har eit uskreve manifest
om å prioritera:
tid
til kvarandre

Dette vakna eg opp til ein dag i det nye året.

Dette vakna eg opp til ein dag i det nye året.

Og dette blei eit av dei store høgdepunkta for Anna,
å gå julebukk,
nyttårsafta.
Den Store siste festen i året,
den dagen trippa jenta mi stolt avstad påført pippiparykk,
 og lys på hovudet i lag med gode venner.
Det blir sunget i stor iver,
 og alle vérs:
Nissen på låven!
Anna gav seg ikkje med denne ein turen,
for trettendedagjul,
som er den:
Store Julebukk dagen!
Den dagen bukkane kjem for å ta jula ut av huset,
for å samle i hop restar av søtsaker i sine vesker,
trappa ho opp att,
med sine bestevenner
Olav og Nora!
Tradisjonen ligg ikkje i bygda, men frå i år av, har den blitt det på vår gard,
med eit håp om at det sprer seg til nye hus og gardar.

Har du tradisjon om julebukk?

og nevane til kvarandre.

Diamantgutar for meg!

Dei fine fine brødrene,

som drikk te,
har romma sine vedsida av kvarandre,
som kjenner lyden av måsar som skrik tett over fjorden,
lukta av nybaka boller med rørte jordbær
og
nevane til kvarandre.

I dag heiar eg litt på:


Dette er ein liten bilde kavalkade:
 om ein samla famile på fira,
 ein himla bra familie på fira!

 Mi oppleving er at mange familiar ikkje har bilder av gjengen samla, for nokon må vera det auga som ser inn.
Det var stas å sjå desse bilda i lag, så at tida går, sjå at me veks
framleis og kanskje
sterkare
mot
kvarandre.

I dag heiar eg litt på:
familien.

korleis og kva
 familie,
-det vel du sjølv

om du også heiar

-eit av sommarens høgdepunkt, er å sjå isetande born♥

Eit av sommarens høgdepunkt,
 er å sjå isetande born
 
Dette er Oda,
ho er i vår stova og et sin ispinne nr to
-i livet sitt

-var også i lag med Oda då ho fekk sin fyrste
-då hadde ho bursdag og var alt veldig god på is!

Fortel meg eit av dine sommarhøgdepunkt?

Fine ting ein seinsommarlaurdag:

å sykle på fest og det er laurdag og seinsommar og
kvelden og natta er fri,
 og det er han og eg,
 saman,
 og me veit at Anna vår er  trygg 
å bli ønska velkomen av denne fine finingen!

å sjå desse fargane
og desse kjenslene
å veta at nokon har venta på deg, kanskje heile dagen
å vera velkomen og høyre trommespel
på sjølvlagde trommer
rundt eit bål
og det er fullmåne.

å vera i eit tun som har så mykje varme
å vera mett i magen på reker og bringebærkake og litt på ein vingalei

å vera i dette kjøkenet og klokka er 23:42
å ete kake etter 24:00

å drikke kaffi inne og ute
å vera gjest 

hos ei som viser meg

noko som er heilt nytt for meg,
-som trommereise

1 2 3