Synes du november er ein god stad?

Ute har dagane vore litt sånn i det siste,
eg likar det.
Likar å høyre regnet slå mot vindauga,
kanskje kjenne på lukta av vedfyring før eg har stått opp.
Veta at det er godt å gå ut,
kjenne på det friske,
sjå korleis trea gjer seg klare til å gå i kvile,
korleis fargane endra seg
og
kanskje heile vegen ha ein liten neve å halde i.

Sjå venner ete nysteikte boller og sjå på fantorangen,
det er godt å vera i lag- og kjenne på at det er tid.

Tusen takk for fine kommentarar,
det varmar og at der alltid så kjekt å lesa.

Synes du november er ein god stad?

*9*

Besto mi:

eg tenkjer mykje på besto mi desse dagane

ho har ni barn og 27 barnebarn og 11 oldebarn

tenkjer på alt ho har venta på sine sju jenter og to gutar

ho bur på gard, eg bur på gard

Me ventar her i Sørfjorden og besto ventar i lag med oss frå øya si på sitt 12 oldebarn.
Eg gler meg til stolt visa fram knøttet til den fina fina besto mi.

*ventetid*

Stundo er det som om dagane ikkje kjeme.
At dei lar seg venta på.
Me er på ei reisa, eg som lugar til eitt heilt nytt menneske.
Dagane kjem sjølvsagt, og i desse dagane:


Heklar eg.


Finn eg skattar på loppemarked i Odda.

Badar eg mykje, morgon og kveld, med te i koppen og badekuler (desse frå Lush!)

Besøker nye heimar

-kor eg kjem til duk og dekka bord. Heldige meg!

*rosa*


Det er laurdag og ute regnar det,
badar i rosa rosevatn,

varmt vatn om kroppen.
Nå frukost hos god veninna. Fint er det.

2,5veke att.

God laurdag til dåko!

Påske.

Ventetid
Det er påske og eg ventar, stundo nyt eg det -stundo blir det for mykje venting.
5 veker.
I dag har eg vore på jentelunsj på nabogarden, nybaka horn og gode mennesker.
Heimatt i snø med lette steg.

Foto: mitt

kontrastar

Polaroidbilda er frå serien: Lyder Sagens (mars09). Eg budde i Bergen, i eit rom, eit polaroid kvar dag i ein mnd. Nå, mars10, hus på gard, baby i magen og sambuar. Fine kontrastar!