Har du ein pause-favoritt for tida?

Typisk god pause.
Venner, sol og boller.
I denne graviditeten har eg svært ofte lyst på heimelaga skuleboller
med melis. Her inne i bloggverda seg eg fleire bakande menn,
min kjære er ikkje av den bakande type,
så om det skal bli boller. -må eg rett og slett baka dei sjølv.
Det beste med å vera ein gjeng er jo det å ha nokon å dele med.

Så i desse dagar er dette ein vidunderleg pause,
gode folk og heimelaga skuleboller.

Har du ein pause-favoritt for tida?

At venner er ULTRA digg!

Bloggen har neste vore i vinterdvale,

sove,
kvilt seg.
Ventar på vår.

Det er liv i dagane.

Dei kjem.
og dei inneheld mykje
 varme venskap,
gode samtaler,
slitsome samtalar,
medvind,
motvind,
og
tulipanar

Det kjennes ut som om det er ein slags balanse.
At platformen er på trygg grunn.

At dette kan vera det beste bodskapet.

At kake funkar.

At venner er ULTRA digg!

Alveslottet vitjar Jåstad grendahus

Den fine salen ventar på borna og Alveslottet

Det er rom for å helsa på.

Alveslottet har fargane med seg,

me møter ei heks, ein robot, ein kjempe edderkopp
og

det er til å kjenne på stemninga i rommet

det er så klar, open og forventningsfull.

Det er så godt å oppleve

krafta i forteljinga og teater i lag med borna.

Plutseleg kjem det ein sommarfugl forbi, 

og prinsar og dragar og stallgutar.

Alveslottet har vitja Jåstad grendahus.
Det var ei vidunderleg helg,
med opplevingar som rørte ved små og store folk.

Litt herifrå

Med lyset vaknar også fargane.
-eller behovet for dei.

Så gode.
Lagar marmelade for å også å ha dei oppå osten.
Fortreffeleg.

Den vakraste historien i 2013 for oss,
er nok den som dette bilete visar.
Min kjæraste finaste beste bror
blei pappa for fyrste gong.
Ho er så ynskja og så velkomen denne litla fina jento.

Jento her til gards får ny genser,
fargerik og friflyt.
Nøstebarngarn.

Litt herifrå.
Du i dine dagar?
Er fargane tydlegare?

Dette huset, denne salen. -som er bygd opp på rammene om fellesskap og møter.

Lappeteppa heng klar til basar, det er laurdag ettermiddag. Og Linn og eg har fyrt sidan fredag ettermiddag.
Det er varmt og godt. Det er kaker og levande lys.

Dette huset, denne salen. -som er bygd opp på rammene om fellesskap og møter.
Så viktig.

I kjellaren var det lyktemakeri.
Ein bukett av verdas finaste kom.

Gleda er så tydeleg. Utan filter.
Rett på.
Vidunderlig.

Desse blei laga. Så vakre. Fin rytmisk 4-klassing tromma buketten opp i eit mørklagt lokale.
Så skjørt,
så vakker.

Tusen takk for ein vidunderlig laurdags ettermiddag.

N O R A

Dette er Nora,
Nora er 6 år og ei god vennina av oss.
Ho er tydeleg.
Nora bur på nabogarden,
ho kan sykla, lesa, ropa høgt og dansa lett.
Nora og litle bror Olav Skage,
ein søndagmorgon i januar.

Kong Vinter gir farge til kinna.

Det er vinter.
Det er kaldt.
Det er sol midt på dagen. Den kombinasjonen gjer godt.
Heldig oss, Anno og eg som blir invitert på besøk til eit trekløver av kjekke gutar
og deira
fine mamma.

Benkar oss fort rundt dette bordet,
når den beste eple chipsen blir servert.

Det er vakkert å møte trea sånn,
for så å veta at det kjem ein ny vår.

Den knasar i munnen. Smakar av eple.
Det vidunderlige eple.

Mammo strikkar Annavotten,
den er veldig fin.
Raud og varm.
Kven sine fingar kjem til å varma seg?

Kong Vinter gir farge til kinna.
Vakre barn.