Å reise i ukjent landskap.

blogg

Denne fine jenta her, har prosjekt og varme nok til å halde liv i oss alle. Ho er med heile seg. Det er vidunderlig å vera med på. Ei reise igjennom ukjent landskap, med alle dei kjenslene som ligg i det.

PS. har liksom aldri heilt funnet ut av denne nye bloggen, og nå er det snart 1000 kommentarar som er spam inne på inboksen min. Er det nokon som har eit råd å gi ang det? -om så, så håpar eg at eg finn det rådet i alt mylderert.

Det er lett å heia fram Pippi.

Eg synes det er lett å heia fram Pippi.
Anna Margrete lar seg forføre og blir inspirert.
-av sterk jente, raud hår og vilje.
Drikk te med mjølk nett som mammo.
I konsentrasjon i ein av hennar favoritt krokar,
som finn stad i min barndomsheim.

Har du eitt godt desserttips til meg?

Forrige søndag såg litt sånn ut.
Kaka vart ein stor suksess.
Pavlova med krem, vaniljesaus, frukt: eple, mango, appelsin og jordbær.
Toppa med hakka sjokolade.

Svært enkel og knakande god.

Også er det fredag att.

Har du eitt godt desserttips til meg?

-litt frå våre dagar sånn i byrjing av mars.

Dette fine teppe varmar Alfred.
Det er ei gåve frå Folgefonn husflidslag.
Ei veldig fin gåve.

Til middag er det alltid salat eller grønsaker.
Akkurat nå: meir salat, det er som om krafta byrja å komme tilbake.

Inviterar på frukostkake.
Det er laurdag og 8. mars.

Desse er stor favoritt innan strikkinga for tida.
Det er noko barnsleg og eventyrleg over dei.
JA -til kler som innbyr til fantasi og leik.

-mønster frå den fine bloggen Rare Rusk

JA! – til lyset som kjem

Øver seg på å halde oppe sit eige hovude,
å sjå han øve seg
vise vilje og mot
gjer meg mjuk og sår om hjarta
-det er så skjørt

-litt får våre dagar sånn i byrjing av mars.

Me treng vel alle stundo å oppleve å vera i ein sirkel.

Me treng vel alle stundo å oppleve å vera i ein sirkel,
inne i gode armar,
omgitt av menneske ein sett høgt
samtalar kor ein møter kvarandre

-om ikkje, så er me alle i årstidene sin sirkel,
i dei skiftningane dei gir oss,
-kjenne på korleis me vert påverka av m.a. lyset, fargane, tempratur
og stemningar.

Kva sirklar tenkje du på?

Venner skal gjere godt.

Inne i ammetåke, ulande vind og kosekroppar med lydar i alle slag.
-kjem gode venner på graut (graut som nesten lagar seg sjølv, brukar steikeovnen, -passar meg nett fint)
venner med hjelpande hender og tolmodighet.
Det gjer godt,
kanskje spesielt godt sidan det er laurdag.

For venner skal gjere godt.
Me er heldige.

Fjernsyn eller ikkje: korleis vel du å runde av din dag?

Dette er ein stad i stova vår,
sit her når eg til dømes voggar litlebror,
-det likar han så god.
Kjenne varmen og rytmen til kvarandre,
kjenne rørsla i stolen, -
som tar oss med.

Kanskje drikk eg sitronte med honning.

Tenkje ofte eg skulle ha brukt stolen meir,
eller andre krokar i heimen.
Ikkje berre slenge meg nedpå sofaen med fjernsynet når kvelden favne om meg.
Dei kveldane eg vel fjernsynet vekk,
for ei god bok, heklet, teen, skriveriet og andre sysler som eg eigentleg likar så svært godt.
-kjenner eg på den gode kjensla når eg vel å vende meg inn i natta.
At det gjor noko med meg, at det var fint.
For det er fyrst etter eg flytta her til garden at fjernsynet kom inn i min heim,
etter eg flytta frå barndomsheimen til garden,
altså ti år. Ti år utan fjernsyn.

Sjølvsagt er det godt med fjernsynet av og til,
berre vera å sjå det som blir tilbyd,
har også nokre små favorittar.
-men så og sei aldri seriar utan avslutning same kveld,
det blir for mykje å binde seg til.
(skjønnar eigentleg ikkje kvifor eg kjenner det sånn, eg jo heime uansett,
men sånn er det iallefall -ingen seriar)
Allikevel vel eg fjernsynet svært ofte,
sånn i slutten,
som ei avrunding.

Nå tenkje eg at det er tid for ei endring.
Ikkje at fjernsynet skal ut,
men at det ikkje rundar av dagen så ofte.

Korleis er det med deg?
Kva vel du til avrunding for din dag?

Å kjenne liv i heimen.

God morsdag alle gode mammaer der ute.

Bilete synar venner som leikar og syng songar.
-det er så godt på mange måtar å kjenne liv på denne måte.

Primulapleddet.

Arne og Carlos har også inspirert meg, den nye boka “håndarbeid i hagen” gjer godt for auga,
det er derifrå oppskrifta til dette teppe kjem frå. Primulapleddet.
Teppet heklar eg med nøstebarngarn, likar så godt fargane og tekstur som er i det,
det kjem nok av at det ikkje er så behandla som andre garn. Også ein fordel.

Driv du på med handarbeid?
Vis meg, det gjer meg glad.

Nå kvardagen er i forandring.

Nå kvardagen er i forandring

er det godt å setje fokuset
på noko som gjer godt

som å grille pølser i eldhuset,
saman med gode venner

Og berre håpe på at han som skapar forandringa,
sev sin beste søvn

Og at alt det andre er som det er.

1 2