Heisann! Eg som skriv og fotograferar her inne i Sørfjorden heiter Elisabeth. Eg er 33 år og mamma til Alfred (5mnd) og Anna Margrete (4år). Saman med bonden bur me på ein bratt fruktgard i Hardanger i lag med fleire tusen frukttre og katten vår Annabella. Sjølv kjem eg frå Sunnhordland med eit kjærleiksforhold til London by, testunder, ullgarn, musikk og litteratur. Og menneska.

Prøver å vera ærleg i det eg skriv og i det eg fotograferar. Eg trur på krafta i kvardagen sine rytmar.

 

Jobbar som lærar fyrst og fremst i kunst og handverk. I tillegg er eg fotograf i bryllaup og ved konfirmasjonar. Eg tar også portrettfotografi, mor/born- og familiebilete. Ja, eg kan ta bilete av alt det du kunne trengt ein fotograf til. Er tilgjengeleg for heile dagar og utvalde oppdrag.

 

Ta gjerna kontakt med meg: Elisabeth_emmerhoff@yahoo.no

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>