The extraordinary will take care of itself.

01

“Do not ask your children
to strive for extraordinary lives.
Such striving may seem admirable,
but it is the way of foolishness.
Help them instead to find the wonder
and the marvel of an ordinary life.
Show them the joy of tasting
tomatoes, apples and pears.
Show them how to cry
when pets and people die.
Show them the infinite pleasure
in the touch of a hand.
And make the ordinary come alive for them.
The extraordinary will take care of itself.” 

William Martin

Fann dette i morgon timane, tenkte dette er til for å dela. Alfred søv og eg skal lage til kaffi med mjølk og kanel, -det er blitt bytta ut med min over mange år morgonte. Sterk earl grey med mjølk utan sukker. -det var tid for ei forandring, den gjer godt kjenner eg.

Ka drikk du til eller kanskje etter din frukost?

Epletid.

04Aldri før har det vore meir eple på dei ulike dyrkingsfelta her på garden, blir eg fortalt. Det bugnar i raude saftige eple. Kanskje har du ete nokre alt? Kanskje herfrå? Prins, Discovery og nå -frå i dag Summerred. Tonn etter tonn blir kjørt ut og inn i heimane rundt om i landet. Og alle kvart einaste, er blitt pitla ned av nevar, lagt i hentepose for så å bli båre bort til store trekassar. Så kjærleg. Lite viste eg om all omsorgen som ligg rundt eit eple, før det er å finne i butikkane. Og om du er eller skal til Skånevik fyrstkomande lardag, så satsar Anna Margrete og eg å selje Summerred eple på laurdag 6.septemer kl 11:00. I sentrum. Håpar du kjem og et knasande eple i lag med oss.

 

 

Overgong. Anna Margrete har pakka sommaren inn, klar for haust.

04Framleis er me i den siste sommarmånaden, heilt i slutten. Sola står høgt og epla er på veg ned frå trea og ut til folket. Så hausten er her. Det gjer godt. Hausten kjem så tydeleg etter ein så flott sommar. Den klare lufta, det gode mørke, lys på bodet, dei syrlege epla og kanel på det som me kan ha kanel på.

Det er så stille her inne hos, meg. Men eg er her, har nå litt problemmer med maskina mi. Og lagringsplass, men dette er noko eg nå er på veg til å få orda opp i. Gler meg til meir blogging i tida som kjem. Håpar du har gode dagar, sånn i overgongen. Overgongar er fint, frå sommar til haust. Så kort, så det gjelder å sjå etter.

God helg godt folk.

 

Som ei stjerne som gnistar i mot oss.

 

01

Dette er vår nye stove. Gler meg over den.
Fram til nå har den ikkje blitt tatt heilt i bruk, men til hausten. -når mørket kjem og regnet og epla og den klare lufta.
Då skal eg krype oppi her. Og la strikket gå, lydboka romme, bokstavane bli ord og vinylen spre tonar (takk for veldig godt hjelp).

Den skal få sin eigen rytme denne stova her, utan fjernsyn.

02Alfred er så klår og tydelig. Som ei stjerne som gnistar i mot oss. Denne reisa med ein ny liten baby i hus, er så sårbar og så stor. I gjennom Anna Margrete vår, har me fått oppleve kor kort alt er, kor for alt kjem i mot oss. Tenkje ofte at nå er det berre å halde seg fast, å vera i det, for det er nå er er.

 

 

Å flyte i lag.

I01

Det er sommar, og varmen har trengt seg inn i fjordlandskapet og blitt her. Det er heilt nytt for oss, å vakne dag etter dag -sommaren berre gir og gir.
Frukta er større og tidlegare. Kleggane fleire og meir intense. Alfred har bada i fjorden og elska det, eg har kjent på krafta frå dei lubne babykroppen spent frå seg all si kraft og lat seg begeistra av møtet med den friske sjøen. Anna Margrete legg seg flat ned og inn i sjøen, blir nesten som ett med den og eg ser korleis ho let seg forføre. Fjorden er så viktig for oss.

Det er min fyrste sommar som tobarnsmamma. Det er nytt, det er ubegripeleg og det er veldig veldig fint. Det er også travelt, intenst og for mykje -til tider. Bloggen er også  ny og fin, og det er som om eg ikkje finn heilt ut av den, men heng med meg. For eg er her. Så takknemleg for at de er her også. Tusen takk for dei fine kommentarane.

02

Det er spor etter barn over alt, Alfred sine spor er heilt nye. Han likar så godt å sitje på fanget, kjenner varmen frå kroppen, dra den som held han litt i håret. Han er så tydeleg. Han visar oss kor gdt kroppsspråket er. For det er ikkje mykje tvil i kva han meinar ell er korleis han har det.

Den flotte kysa har eg kjøpt hos Ingvild, som syr av gjenbruksstoff, -så gode samansetninga, så sirleg gjennomført. Ho er bak bloggen: Ting som gjør en glad.

03i

Inne i desse dagane har det også tidvis ei slags uro, inne i meg. Det er som om det ubegripelega store, også er uhåndterlig. At det kjem stunder kor det meste flyt ut, og eg har ikkje heilt funnet ut, korleis flyte i lag med det. Det som er.

Og oii, så glad eg blir når eg kikkar innom Ine og hennar veldig fine blog Koffeine, og finn at ho visar her til. Det varmar.

 

 

 

Stunder.

03Alfred si oldebesto har så sterke og gode nevar, trygge. Og han er oldebarn nummer 15.

Ho har tid. Til oss, og til dei som kjem til ho. Me prøver å lytte til det ho fortell, -det som streker seg over 85 år.

02Det har vore overnatting av fine små gutar her på garden, Anna Margrete sov i midten. Ho strålte, av lukke. Kjenne venner ho har så kjær, så nær.

Stor nok grunn til ferske rundstykker og jordbær til kvelds.

01For eit par veker sidan, blei denne tatt av pinnane mine. Så stolt over å strikka, for meg eit så stort prosjekt og ikkje berre stripper. Og så stolt over å kle jenta mi, i noko som er laga til ho av meg. Eit tonn med kjærleik og svært kort reist.

Stunder frå det me er i.

Tusen takk for alle dei fine kommentarane. Dei varmar, svært mykje.

 

 

 

01

Det er sommar. Også inne i sommaren, den lyse og den lett. Kjem mørket. Inn. Og den kan rive bort, ta vekk, sakte og heilt merkbart.

Opplever det så urettferdig at kreften har sånn kraft. At den tar, -så grådig til seg. At den ikkje vise nåde.

Det er utvilsamt kraft i mennesket,  i dei som står att. Det blir søyler av styrke, det blir tryggleik.

Dei veks vakrare, -om det er mogleg.

 

 

 

Jonsok.

1102

Her i Hardanger er det tradisjon for å stelle i stand barnebryllaup til Jonsok. Dette er ein svært gamal tradisjon, som kjem av at vår/sommar var og er den store bryllaupstida. Og borna ville også, vera med. Kjenne på stemninga, vera i musikken, dansen -i midtsommaren. Her vår Anna Margrete klar til dobbeltbryllaup.

1103

Her er også ei Anna. Så vakker.

1104

Dette er nå.

1105

Bygda har også ein av Noregs fremste spelemann som innbyggar. Det blir stemning av slikt.

1106

Is smakar alltid.

1107

Også denne vakre Dina fekk kjenne på stasen denne dagen. Om kvelden er det bål nede ved fjorden. Er det feiring rndt deg? Og TUSEN takk for dei fine kommentarane på forrige innlegg. Det varmar. Desse orda gir så mykje. Er framleis litt ny, sjølv inne i denne nye. Finn vel meir og meir fram etter som eg brukar den. Så kjekt at de følger meg.

 

Hei. Og Velkomen.

 

023Hei! Eg heiter Elisabeth. 33 år. Velkomen til min heilt nye blogg. Utforma av kunnskapsrike og inspirerande Mariel, som skriv bloggen Hjartesmil.

122Skriv utifrå ein fruktgard som ligg til i bratte bakkar inst i Hardanger. Det er Noreg sin frukthage som er vår hage. Det er eple og pære til folket. Det er han som er bonde. Eg, kunst og handverks lærar og fotograf med master i kunst. Det er fyrst og fremst tankar og bilder som kjem frå kvardagen vår, du finn her inne. Eit glimt av det som er.

06

045

To gonger har eit barn vekse seg fram og varma seg i meg. Ydmjuk, stolt og trøtt.

Alfred som er snart 6 mnd og Anna Margrete som er 4 år. Dei er liv og har stor kraft. Er heime i mammapermisjon, det skal eg vera til august 2015.

016

0110Frukost er viktig for meg. Og det gir meining å få innblikk i andre sine kvardagsrytmar og rutinar. Prøver å sylte bær og frukt fyrst og fremst til mørket kjem. Sjølv om dette mørke lever godt i meg, kan enkelte dagar trenge stadfestinga om at det kjem ein ny sommar. Denne stadfesting kan syltetøy gi meg.

043

Likar å reise i ukjent landskap, sjølv om det skjer sjeldan desse dagar: det er som om eg fyrst og fremst er mamma. Så kanskje det er at bloggen er eit rom som er mitt. Dei tankane som veks fram. Dei refleksjonane som blir at etter kvardagen. Bloggen er viktig for meg.

01

Det er nødvendig at somme kveldar kan sjå litt sånn ut. 30Medann desse veks fram til neste dag. Også heklar eg lappeteppe:017

Og fotograferar på oppdrag: 24

Håpar du med dette har lyst til å besøke meg att her inne. Livsteiken som ein kommentar varmar alltid veldig veldig mykje.

 

 

1 2 3 4 47